Vi
er ei lita snekkerbedrift i Øye, i Vang i Valdres som produserer innredning til
hus og hytte i heiltre.
Produkta
våre er hovudsakleg kjøkkeninnredning, baderomsinnredning og senger, bord,
stolar og garderobeløysingar. I tillegg leverer vi kvitevarer og
oppvaskkummar/servantar.
Dersom
du er ute etter noko som ikkje alle andre har, eller ikkje vil ha det som du
finn i dei vanlegaste møbelbutikkane, er vi det rette valet for deg. Du kan i stor grad sjølv velge
korleis ditt produkt skal vere ved at vi teiknar etter dine ynskjer eller at du
sjølv teiknar ditt eige forslag. Treng
du hjelp til å finne ut kva du ynskjer eller kan få til i di hytte eller ditt
hus, kan vi hjelpe deg med det og komme med forslag til løysingar.
O
verflatebehandlinga vår er også i stor grad
opp til deg som kunde. Vi strekker oss langt for at resultatet skal bli nettopp
etter din smak og dine ynskjer. Vi
brukar hovudsakleg olje som behandling på trekvite flater, og elles maler vi i
valgfri farge. Vi aldringsmaler, dvs. sliper slitasje, patinerer og voksar slik
at reultatet blir gamalt og også lasering eller dekorering av produkta med
roser/motiv eller skrift er noko av det vi vil framheve ved oss.
V
i er glad i gamle hus, og leverer Rønnerholmskjøkkenet. Desse kjøkkena er laga slik som gamle kjøkken sist på
1800- og først på 1900-talet var, og kan bestillast trekvite eller grunna med linoljemaling frå fabrikk. Vi maler dei i den fargen du ynskjer i vårt
verksted.
E
lles tek vi på oss opp-pussing av møbler og
også innvendig maling/overflatebehandling av vegger, dører og listverk, og
allereie montert innredning. Restaurering av gamle ting, er også noko vi etter
kvart har fått erfaring med. Kopiering av lister og anna som manglar, finne
fram til fargar og maling med linoljemaling er noko av det vi kan tilby.
V
i ynskjer deg velkommen som kunde!
Med
venleg helsing
Lill Helen Måren og
Arne Stende